Pederhusveka 2019 - laurdag 15. juni

Arrangementsinformasjon

Pederhusveka vert arrangert i og kring Pederhuset i Breim 13. - 16. juni 2019. Laurdagsbilletten gjeld alle arrangement i og kring Pederhuset laurdag 15. juni. Kyrkjekonserten med Ensemble Allegria inngår ikkje i laurdagsbilletten, der må du kjøpe eigen billett.

Program laurdag 15. juni ved Pederhuset: Skorvejølet og orgelbrus, Danseleik og dansekurs, Anders og Gabriel Reed, Roald Kaldestad barneframsyning, Flakedans med Bjørn Ravnestad m.fl., Soleglad og suppe. Sjå fullt program på www.pederhuset.no

Pederhusveka er ei kulturell påminningsveke for identitet, menneskleg verdiskaping, tradisjon, musikk og forteljingar. Alle møta skjer i og kring Pederhuset som er eit gamalt spelemannshus på Breim. Pederhuset skal vere eit hus for påminning og bevisstgjering av eigen identitet og ein møteplass for kultur, kunst, forteljingar og tankesmiing.

I 2019 vert Pederhusveka også offisiell opning av sjølve Pederhuset.

pederhuset
pederhusveka
musikk
festival
folkemusikk
identitet
festivalpass
breim

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Ingen billettar garanterer sitjeplass.