Pederhusveka 2019 - Ensemble Allegria og Sigrid Moldestad

Arrangementsinformasjon

Pederhusveka vert arrangert i og kring Pederhuset i Breim 13. - 16. juni 2019. Laurdag 15. juni vert det kyrkjekonsert med Ensemble Allegria og Sigrid Moldestad.

Sigrid og kammerorkesteret Ensemble Allegria vart ført saman første gong under Hardanger Musikkfest 2017. Det vart stor suksess og ei gjensidig musikalsk begeistring. No er dei klare for eit nytt musikalsk møte i Breim kyrkje.

Sjå program på www.pederhuset.no

Pederhusveka er ei kulturell påminningsveke for identitet, menneskleg verdiskaping, tradisjon, musikk og forteljingar. Alle møta skjer i og kring Pederhuset som er eit gamalt spelemannshus på Breim. Pederhuset skal vere eit hus for påminning og bevisstgjering av eigen identitet og ein møteplass for kultur, kunst, forteljingar og tankesmiing.

I 2019 vert Pederhusveka også offisiell opning av sjølve Pederhuset.


musikk
pederhuset
pederhusveka
folkemusikk
kammermusikk
kammerorkester
breim
festival
identitet
ensembleallegria

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.